Fjord Cowork

Om prosjektet

Fjord Cowork
Bu, arbeide og oppleve i fjordane!

Fjord Cowork er utarbeidd spesielt for deg som vil reise og kanskje arbeide i lågsesong HAUST, VINTER og VÅR !

Fjord Cowork tilbyr attraktive stadar å BU, ARBEIDE OG OPPLEVE tett på den røffe og spektakulære verdsarvnaturen rundt Geirangerfjorden. Gjennom ei samskaping og involvering med lokalsamfunna i bygdene GEIRANGER, EIDSDAL og NORDDAL, vil vi kople saman FJORD, ARBEID og FOLK i ein smeltedigel av kreativitet, engasjement, ny teknologi og nye idear.

Lengtar du etter å kome bort? Finne roa og klarne sansane i eit nytt miljø? Kjenne naturen omslutte deg, puste frisk luft og utforske nye stiar?

Fjord Cowork gir deg moglegheita til å utforske ein ny måte å jobbe og leve på. I bygdene Eidsdal, Norddal og Geiranger kan du bu og arbeide eit steinkast frå fjorden. Dele opp dagen som du vil og bruke naturen og lyset til å få fram det beste i deg – i ditt tempo. I tillegg til at du kan finne ro og konsentrasjon til arbeidet, har du ei rekke naturopplevingar like i nærleiken til ei kvar tid. Kanskje vil du prøve noko nytt? Topptur, trugetur, padling, klatring, overnatting i hengekøye, fossevandring – mogelegheitene er mange!

Det å kome bort frå kvardagen, frå storbyen, trafikkstøy og stress kan vere velgjerande både for kropp og sjel. Finne tid til å tenke nye tankar, reflektere og berre vere – samtidig som ein kan skjøtte arbeidet og gjere det nødvendige. I Fjord Cowork finn du eit utval av kontorplassar, overnatting og fasilitetar, slik at du sjølv kan velje kva som passar deg og situasjonen din best. Aleine eller saman med nokon, i nærleiken av ulike tilbod eller langt unna folk? Det er opp til deg!

Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv  er ansvarlege for og driftar nettsida. De kan ta kontakt med oss på telefon +47 70 26 38 10 eller epost post@verdsarfjord.no