Bu i Geiranger – Leilegheita på Vinje Gard
- WiFi for workation
- Spør eigar om kontorplass
- 4 sengeplassar/2 soverom
- Fullt utstyrt kjøkken
- Bad
- Spør om handkle og sengeklede
- Vaskemaskin
- Utsikt over fjord og fjell, nært Geiranger sentrum
- Elektrisk oppvarming
- Nært Union Hotel, Cowork fasilitetar på Norsk Fjordsenter og sentrum av Geiranger. Gode turmoglegheiter rett utanfor dørstokken
Leilegheita på Vinje gard
Opplev den fantastiske utsikta over Geirangerfjorden og fjella i Norge med familie eller vener. Nyt skiftande ver medan du tek ein varm kopp te, og avslutt dagen i ein koseleg dobbeltseng medan du ser på stjernene gjennom takvindauget. Du sovnar til lyden av elva som går forbi, og vaknar til synet av verdsarvfjorden Geiranger.
Denne leilegheita ligg på Vinje Gard og har den vakraste utsikt. Den har, ikkje berre ein tursti rett utanfor døra, men også en vikinggravhaug! Leilegheita med høg standard blei bygt i 2020 og har romsleg stove med open kjøkkenløysning, to soverom, stort bad og eigen balkong mot fjella rundt. Garden ligg i hjartet av Geiranger, berre ein kort spasertur frå sentrum, med fleire naturskjøne turar like ved, nær alle aktivitetar og med ein fantastisk utsikt over den storslagne Geirangerfjorden verdsarvområde. Leilegheita er ein del av eit stort hus og har eigen inngang og parkeringsmoglegheiter. Det er ikkje lenger dyr på garden, bortsett frå Ronja – vår Australske Fårehund som sørgjer for at du føler deg hjarteleg velkomen når du kjem!
- Ein liten spasertur frå Geiranger sentrum
- To soverom, 4 sengeplassar
- Eigen balkong
- Utsikt over Geirangerfjorden
- Nært cowork fasilitetar og nettverksmoglegheiter ved Norsk Fjordsenter
- Vaskemaskin
- Wifi og arbeidsplass
Pris: Etter avtale
Kontakt:
Jon Erlend Vinje
Geirangervegen 98, 6216 Geiranger
Tlf. +47 93 03 82 20
jevinje@hotmail.com
If you see this after your page is loaded completely, leafletJS files are missing.