Fjord Cowork Norway
— Bu Arbeide Oppleve i fjordane
Fjord Cowork – bu, arbeide og oppleve i Fjordane
Fjord Cowork er utarbeidd spesielt for deg som vil reise og kanskje arbeide i lågsesong HAUST, VINTER og VÅR !
I bygdene GEIRANGER, EIDSDAL og NORDDAL tilbyr Fjord Cowork attraktive, fine og koselege stadar å BU, ARBEIDE og OPPLEVE tett på den røffe og spektakulære verdsarvnaturen rundt Geirangerfjorden. Gjennom ei samskaping og involvering med lokalsamfunna vil vi kople fjord, arbeid og folk saman i ein smeltedigel av kreativitet, engasjement, ny teknologi og nye idear.
Heime er der ein er lykkeleg! Velkomne skal de vere!
Bygdene i Fjord Cowork
Geiranger
Den vakre, vesle bygda Geiranger inst i Geirangerfjorden har teke imot turistar sidan 1869.
Då segla det første turistskipet inn fjorden og dei gjestfrie innbyggarane begynte å frakte kongelege og andre turistar til ulike utsiktspunkt med hest og kjerre.
Eidsdal
Eidsdal bringer deg frå kvardagen og inn i verdsarvområdet.
Dalføret strekkjer seg frå fjorden og opp til Eidsvatnet. Med mektige fjell på begge sider og eit velstelt kulturlandskap, har dette blitt eit ynda stoppepunkt og attraktivt fotopunkt.
Norddal
Norddal er ein fredeleg idyll i uvanleg vakre omgjevnader.
I 2021 fekk denne perla kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal. Her står 150 innbyggarar klare til å ønske deg velkomen til å bu og arbeide i korte eller lengre periodar.
For at du skal finne deg til rette
Vertskap i Geiranger
Katrin – er dagleg leiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og aktivt medlem av lokalsamfunnet.
Vertskap i Eidsdal
Merete – er fødd og oppvokst i Eidsdal og likar seg på fjellet.
Vertskap i Norddal
Agnieszka og Maciek – har slått seg ned i Norddal og teke med seg sitt kreative studio.
Else Ragni og Jan Kåre – arbeider med forsking, prosjektleiing – og snikring.