Utforsk Arktis

Søk om Arctic
Digital Nomads
Stipend!

Fjord Cowork – Cowork og workation i ei plattform

Haust, vinter og vår – Cowork and workation – bu, arbeide og oppleve i Norske fjordar

Sjekk ut våre Langtidstilbod for sesongen 2024/2025

Travelers' Map is loading...
If you see this after your page is loaded completely, leafletJS files are missing.

– Bu (og arbeide)

– Cowork, kontor, møte

– Selskap og arrangement

Fjord Cowork er ein plattform for COWORK og WORKATION i Norge og dei norske fjordane.  Fjord Cowork er utarbeidd spesielt for digitale nomadar, men også andre enkeltpersonar eller bedrifter som er på reisefot i lågsesong HAUST, VINTER og VÅR. 

Ved UNESCO verdsarvområde, i bygdene GEIRANGER, EIDSDAL og NORDDAL tilbyr Fjord Cowork attraktive, fine og koselege stadar å BU, ARBEIDE og OPPLEVE tett på den røffe og spektakulære verdsarvnaturen rundt Geirangerfjorden.

Gjennom samskaping og involvering med lokalsamfunna vil vi kople fjord, verdsarv, arbeid og folk saman i ein smeltedigel av kreativitet, engasjement, ny teknologi og nye idear.

Heime er der ein er lykkeleg! Velkomne skal de vere!

Bygdene i Fjord Cowork

Geiranger

Den vakre, vesle bygda Geiranger inst i Geirangerfjorden har teke imot turistar sidan 1869.

Då segla det første turistskipet inn fjorden og dei gjestfrie innbyggarane begynte å frakte kongelege og andre turistar til ulike utsiktspunkt med hest og kjerre. 

Eidsdal

Eidsdal bringer deg frå kvardagen og inn i verdsarvområdet.

Dalføret strekkjer seg frå fjorden og opp til Eidsvatnet. Med mektige fjell på begge sider og eit velstelt kulturlandskap, har dette blitt eit ynda stoppepunkt og attraktivt fotopunkt.

Norddal

Norddal er ein fredeleg idyll i uvanleg vakre omgjevnader. 

I 2021 fekk denne perla kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal. Her står 150 innbyggarar klare til å ønske deg velkomen til å bu og arbeide i korte eller lengre periodar.

Kontakt vårt Fjord Cowork vertskap 

Dei små bygdene i Fjord Cowork er kjent for si gjestfriheit! Slik er dei perfekte plassar for digitale nomadar eller andre som vil reise, arbeide og oppleve. 

I bygdene Geiranger, Eidsdal og Norddal har vi vertskap som gjerne  hjelper deg  til rette.

Eller kanskje du berre har lyst å treffe nokon som bur i bygdene medan du er her? Få deg eit nytt nettverk?

Utforsk
Arktis

Viktig informasjon!

Vi er overvelda av responsen på utlysinga av Arctic Digital Nomads-stipendet. Talet på søknadar har overgått våre villaste forventningar! Det har sprengt kapasiteten vår … Derfor stenger vi utlysinga tidlegare enn planlagt klokka 12.00 den 8. november. Alle som har søkt på stipendet før den tid blir vurdert og vil få svar etter dette.

Cookies / Personvernerklæring

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for å levere tjenester på høyeste nivå. Videre bruk av nettsiden innebærer at du godtar vår informasjonskapsel- og personvernerklæring.