Arbeide i Geiranger – Norsk Fjordsenter – cowork og møte

Norsk Fjordsenter – cowork og møte 

Norsk Fjordsenter ligg i Geiranger og er besøkssenteret for verdsarven Vestnorsk Fjordlandskap. Senteret ligg i eit moderne, arkitektteikna bygg som huser både utstillingar, kafé, butikk – og eit spennande arbeidsfellesskap. Her er verdsarvstiftinga lokalisert saman med reiselivsbedrifter, verneområdeforvaltning og SNO (Statens Naturoppsyn) i flotte kontorfasilitetar som kan leigast for kortare eller lengre periodar. Du får tilgang til delt kontor, møterom og kjøkken/kantine og kan fordjupe deg i arbeidet ditt, samtidig som du har kort veg til flotte uteområde, kulturhistoriske bygg og ikkje minst Fossevandringa – ein sti bygd i cortenstål tett på Storfossen. Vandringa tek deg raskt ned til skulen og sentrum i bygda.

Fosseråsa, Noregs fyrste autoriserte nasjonale turiststi, passerer like forbi senteret og held fram opp skogslia til Storsæterfossen. Vil du ha ei pause i kvardagen, er det lett å stikke ut og hente ny inspirasjon eller berre kvile hovudet.

  • Gode kontorfasilitetar
  • Cowork, kontorfellesskap og nettverk
  • Delt eller eige kontor, møterom og kjøkken/kantine
  • Kort veg til sentrum, butikkar og attraksjonar

Prisar: 
Ope landskap, drop in dag/veke 200kr/600 kr
Cellekontor drop in dag/veke 300 kr/1200 kr
Ope landskap per mnd 1600 kr
Cellekontor korttid per mnd 3000 kr
Flexiplass 3 dagar per mnd 500 kr
Fleksiplass 6 dagar per mnd 850 kr
Møterom inntil 20 pers. halv dag 550 kr
Amfi/kinosal: Etter avtale
For fast kontorleige ta kontakt.

Alle prisar er eks. mva.


Kontakt:
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv
Gjørvahaugen 35, 6216 Geiranger
tlf. +47 70 26 38 10
kjetil@verdsarvfjord.no
www.fjordsenter.com/booking

Førespurnad

Ingen forpliktingar – vi kjem snart tilbake til deg med eit tilbod.

Antal personar
Frå dato
Til dato
Travelers' Map is loading...
If you see this after your page is loaded completely, leafletJS files are missing.

Cookies / Personvernerklæring

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for å levere tjenester på høyeste nivå. Videre bruk av nettsiden innebærer at du godtar vår informasjonskapsel- og personvernerklæring.