Fjord Cowork
— Om prosjektet
Fjord Cowork
Bu, arbeide og oppleve i fjordane!
Fjord Cowork er utarbeidd spesielt for deg som vil reise og kanskje arbeide i lågsesong HAUST, VINTER og VÅR !
Fjord Cowork tilbyr attraktive stadar å BU, ARBEIDE OG OPPLEVE tett på den røffe og spektakulære verdsarvnaturen rundt Geirangerfjorden. Gjennom ei samskaping og involvering med lokalsamfunna i bygdene GEIRANGER, EIDSDAL og NORDDAL, vil vi kople saman FJORD, ARBEID og FOLK i ein smeltedigel av kreativitet, engasjement, ny teknologi og nye idear.
Lengtar du etter å kome bort? Finne roa og klarne sansane i eit nytt miljø? Kjenne naturen omslutte deg, puste frisk luft og utforske nye stiar?
Fjord Cowork gir deg moglegheita til å utforske ein ny måte å jobbe og leve på. Anten ein er ute etter cowork arbeidsplassar, er på workation eller anna. I bygdene Eidsdal, Norddal og Geiranger kan du bu og arbeide eit steinkast frå fjorden. Dele opp dagen som du vil og bruke naturen og lyset til å få fram det beste i deg – i ditt tempo. I tillegg til at du kan finne ro og konsentrasjon til arbeidet, har du ei rekke naturopplevingar like i nærleiken til ei kvar tid. Kanskje vil du prøve noko nytt? Topptur, trugetur, padling, klatring, overnatting i hengekøye, fossevandring – mogelegheitene er mange!
Det å kome bort frå kvardagen, frå storbyen, trafikkstøy og stress kan vere velgjerande både for kropp og sjel. Finne tid til å tenke nye tankar, reflektere og berre vere – samtidig som ein kan skjøtte arbeidet og gjere det nødvendige. I Fjord Cowork finn du eit utval av kontorplassar, overnatting og fasilitetar, slik at du sjølv kan velje kva som passar deg og situasjonen din best. Aleine eller saman med nokon, i nærleiken av ulike tilbod eller langt unna folk? Det er opp til deg!
Utviklinga av Fjord Cowork-konseptet er støtta av Interreg North Sea Region prosjektet PROWAD Link og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv er ansvarlege for og driftar nettsida. De kan ta kontakt med oss på telefon +47 70 26 38 10 eller epost post@verdsarfjord.no