Nokre tips

  • Geirangerinfo gir oppdatert informasjon om kva som skjer i Geiranger 
  • Verdt å sjekke ut om du vil finne på noko utanom hovudsesongen: 
  • Elles er det svært gode høve til skikøyring om du tek ein dagstur til skianlegget på Overøye i Stordal og på Strandafjellet 
  • Ålesund er ein fin by  – om du vil ha bytur
  • Vil du vere med å plukke frukt? I september og oktober vil Liv Marit gjerne ha selskap og hjelp i fruktplukkinga. Kontakt: lmnystad@gmail.com

Liste over aktivitetar i området

De er velkomne til å stikke innom alle aktivitetane og nytte anlegga når det måtte passe dykk.

Eidsdal Idrottslag – Eidsdal

Aktivitetar inne og ute. Eidsdal IL er det laget som har mest skiaktivitetar i anlegget på Løvoll. Skikafé på Løvoll torsdagar.

Ulike aktivitetar heile året. Skiløyper når det er snø. Sjå under.

Eidsdal Idrottslag, idrettsbane – Eidsdal

Fotball, friidrett, basket og løpebane. Kunstgrasbane med løpebane rundt. 

Open heile året. Med og utan snø. 

Gratis, berre sett i gang – evt. Vipps til Eidsdal idrettslag.

Ligg ved skulen i Eidsdal.

Skiløypene GIL, NIL og EIL – Eidsdal, Geiranger, Norddal

Skiløyper. Både i Norddal, Eidsdal, Geiranger og dei andre bygdene i nærleiken. 

Vinterstid, når det er snø på om lag 400 meter. Eidsdal IL er det laget som har mest skiaktivitetar i anlegget på Løvoll. 

Gratis, berre sett i gang – evt. Vipps til idrettslag.

Geiranger Idrettslag – Geiranger

Aktivitetar inne og ute. Eidsdal IL er det laget som har mest skiaktivitetar i anlegget på Løvoll. Skikafé på Løvoll torsdagar.

Ulike aktivitetar heile året. Skiløyper når det er snø. 

Gratis, berre sett i gang – evt. Vipps til Geiranger idrettslag.

Geirangerinfo – Geiranger

Facebookside med oppdatert informasjon om kva som skjer i Geiranger

Info heile året. 

Geiranger Galleri – Geiranger

Innhaldsrikt galleri – med kunst og kunsthandverk. Ei oppleving i seg sjølv. 

Open heile sommaren. Utanom sesong kan du kontakte kunstnar Ola Une Ferstad Liland på tlf. +47 906 60 561

Salsutstilling

Norddal Idrettslag – Norddal

Skiløyper og trimaktivitetar heile året.

Ulike aktivitetar heile året. Skiløyper når det er snø. Sjå under.

Gratis – evt. Vipps til Norddal IL.

Styrketrening  NIL – Norddal

Godt utstyrt styrketreningsrom. 

Open heile året, men kodelås til nøkkel. Kontakt tlf. +47 97649478.

Betaling med Vipps eller anna. 

Er del av det som no er barnehagen i Norddal. 

Kajakkturar – Norddal

Leige av kajakkar også utanom sesong. 

 

Ta kontakt med John Kåre Storås på butikken i Norddal. Eller stikk innom når buda er open: Tlf. +47 986 94 507. 

Utleige

Få informasjon på butikken i Norddal.

Valldal Aktivitetspark – Valldal

Mellom høgvokste trær ved elva Valldøla ligg Valldal aktivitetspark. Klatring i sikre omgjevnader  – og andre aktivitetar for born og vaksne. 

Open heile sommarsesongen, tilgjengeleg for grupper på bestilling utanom ordinære opningstider. 

Betaling

Uteguiden – Valldal

Guida rafting i Valldal, turar og anna sommar som vinter. 

Rafting berre sommarsesong. Guida turar heile året. 

Betaling

Attraksjonar i området

Trollstigen – Valldal

Ei køyreoppleving. Nasjonal turistveg med utsikt  med mange hårnålsvingar. Turistattraksjon.

Open sommarstid. Stengt vinteren. Sjekk om vegen er open.

Gratis, men må ta ferje over fjorden

Søk etter kilstimarkene. 

Ørnesvingane – Geiranger

Ei køyreoppleving med utsikt. Del av nasjonal turistveg . 

Open heile året. 

Gratis

Herdalen og herdalssetra – Norddal

Aktiv seter om sommaren, naturskjøne omgjevnader. Open kafé av og til sommaren.

Vegen fram open berre når det er bart. Open kafé av og til sommaren. Herdalen er svært rasfarleg om vinteren. 

Bomveg

Rønnebergvegen – Eidsdal

Vegen til Rønneberg og Kilstimarkene gir fantastisk utsikt over Eidsdal og fjorden. 

Open heile året. 

Gratis

Søk etter kilstimarkene. 

Cookies / Personvernerklæring

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for å levere tjenester på høyeste nivå. Videre bruk av nettsiden innebærer at du godtar vår informasjonskapsel- og personvernerklæring.