Er det skitrening og løyper du er ute etter rår vi deg til å ta turen til skianlegget på Løvoll i Eidsdal når der er snø, eller til Gråsteindalen i Geiranger som har snø både tidleg og seint på året. I Norddal vert det også køyrt opp løyper i Dyrdalen – men ikkje like ofte. Søk på Eidsdal, Norddal eller Geiranger på (https://loyper.net/). Nettsida viser også når løypene sist vart køyrt opp.