Fjord Cowork

Personvernerklæring

Kven er vi

Fjord Cowork er eigd og drifta av Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar.

E-post: ingerline@verdsarvfjord.no
Telefon: 900 26 648
Postadresse: Norsk Fjordsenter, Gjørvahaugen 35, 6216 Geiranger

Handsaming av personopplysningar

Med personopplysningar meiner vi opplysningar og vurderingar som kan knytast til ein enkeltperson.

Stiftinga Geirangerfjorden  samlar inn og brukar personopplysningane dine til ulike formål avhengig av kven du er og korleis vi kjem i kontakt med deg. Vi samlar inn følgande personopplysningar til formåla som er angitt her:

  • Svare på spørsmål, anten via telefon eller kontakt via e-post. Namn, telefonnummer, e-post og eventuelle andre personopplysningar som måtte følge av dialogen. Behandlinga av personopplysningar skjer på grunnlag av ei interesseavveging, kor omsynet til å svare på spørsmålet ditt blir avgjerande.
  • Namn, telefonnummer, e-post og eventuelle andre personopplysningar som måtte følge av dialogen. Behandlinga er nødvendig for å oppfylle avtalen vi har med deg.
  • For å få informasjon om bruk av nettsidene kan vi nytte informasjonskapslar (cookies). Vi behandlar personopplysningar på grunnlag av ei interesseavveging. Vi vil vurdere om det er nødvendig for oss for å gjere dette for å tilpasse nettsida til brukarane våre. Vi vil likevel ta vare på personvernet ditt ved at vi berre brukar opplysningane til statistikk. I denne statistikken vil det ikkje vere mogeleg å identifisere deg som enkeltperson.

Vi vil ikkje behandle personopplysningar som går utover dette utan at samtykke er innhenta frå den registrerte før behandlinga starta.

Lagringstid

Vi lagrar personopplysningane dine hjå oss så lenge det er nødvendig for formålet personopplysningane blei samla inn til. Personopplysningar som vi behandlar for å oppfylle ein avtale med deg, vert sletta når avtalen er oppfylt og alle plikter som følger av avtaleforholdet er oppfylt. Personopplysningar som vi behandlar på grunnlag av samtykke frå deg vert sletta i tilfelle du trekke tilbake samtykket ditt. 


Utlevering av personopplysningar til andre

Vi kan gje personopplysningane dine vidare til samarbeidspartnarar i Fjord Cowork dersom det er nødvendig for formålet personopplysningane blei samla inn. Utover dette gir vi ikkje personopplysningane dine vidare med mindre det finst eit lovleg grunnlag for slik utlevering. Døme på slikt grunnlag vil typisk vere ein avtale med deg eller eit lovgrunnlag som pålegg oss å gi ut informasjonen.

Databehandlar

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv  brukar databehandlarar til å samle inn, lagre eller på annan måte behandle personopplysningar på våre vegne. I slike tilfelle har vi inngått avtaler for å ivareta informasjonssikkerheita i alle ledd av behandlinga.

Rettar

Du har rett til å krevje innsyn, retting eller sletting av personopplysningane vi behandlar om deg. Du har vidare rett til å krevje avgrensa behandling, rette motsegn mot behandlinga og krevje rett til dataportabilitet.

For å ta i bruk rettane dine må du sende ein e-post til post@verdsarvfjord.no. Vi vil svare på e-posten så raskt som mogeleg, og seinast innan 30 dagar.

Klage

Dersom du meiner at behandlinga vår av personopplysningar ikkje stemmer med det vi har beskrive her eller at vi på andre måtar bryt personvernlovgivinga, kan du klage til Datatilsynet.

Du finn informasjon om korleis du kontaktar Datatilsynet på Datatilsynets nettsider: www.datatilsynet.no.

Endringar

Om det skulle skje endringar av tenestene våre eller endringar i regelverket om behandling av personopplysningar, kan det medføre forandring i informasjonen du får her. Om vi har kontaktopplysningane dine, vil vi gjere deg oppmerksam på disse forandringane. Elles vil oppdatert informasjon alltid finnast lett tilgjengeleg på nettstaden vår.

Cookies / Personvernerklæring

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for å levere tjenester på høyeste nivå. Videre bruk av nettsiden innebærer at du godtar vår informasjonskapsel- og personvernerklæring.