Fjord Cowork

Geiranger

Geiranger

Den vakre, vesle bygda Geiranger har blitt  verdskjent og har teke imot turistar sidan 1869.

Då segla det første turistskipet inn fjorden og dei gjestfrie innbyggarane begynte å frakte kongelege og andre turistar til ulike utsiktspunkt med hest og kjerre. Seinare tok dei nok ein gong pionerrolla då dei fekk spesialbygd bilar og heldt fram turistskyssinga i staselege køyretøy. No ynskjer dei hjarteleg velkomen også til deg som har lyst til å kome til bygda for eit arbeidsopphald. I Geiranger finst det noko for dei fleste, anten du søker natur, aktivitetar eller folk rundt deg innimellom arbeidet. Naturen er kjenneteikna av majestetiske, snødekte fjelltoppar, brusande fossar og frodig, grøn vegetasjon. Fjordlandskapet er hovudårsaka til at Geirangerfjordområdet i 2005 fekk ein plass på UNESCO si prestisjefulle verdsarvliste som ein av dei vakraste stadane i verda. Bygda Geiranger er den einaste busetjinga som ligg inne i verdsarvområdet.

Sommarstid opplever du ei maurtue av ei bygd: med gjester frå alle verdas kantar får sentrum nesten eit urbant preg med sine små, koselege restaurantar, varierte butikkar og eit vell av aktivitetstilbod. Tett på fjorden kan du nyte folkelivet, eller kanskje vil du sjølv tilby produkt eller aktivitetar til dei besøkande?

Kjem du hit vinterstid, vil du oppleve noko heilt anna – bygda er stille og roleg med få besøkande. Innbyggarane har betre tid for kvarandre og aktivitetar som knyt folk saman. Nokre syng i kor, nokre søker opp i skiløypene på Korsmyra og i Gråsteindalen. Eller kanskje vil du engasjere deg i tausafestane eller karafestane som årleg samlar bygdefolket til latter, god mat og dans?

Året rundt er Geiranger ein fin stad for deg som er glad i sunnmørsnaturen, men det er ei bygd med særs store kontrastar mellom sommar og vinter. Engasjer deg gjerne i bygdelivet, for nye initiativ og engasjement vert tatt godt imot.

Utstillingane på Norsk Fjordsenter fortel om det spennande og særeigne landskapet, og gir deg innsikt i korleis området var før og no. Ta ei pause i arbeidet, stikk innom og få påfyll frå dei ulike utstillingane og interaktive stasjonane, eller besøk kaféen og butikken med berekraftige norske produkt.

Turstien Fosseråsa er ei fin inspirasjonspause, der du året rundt kan lytte til brusande elvar og fossefall. På ein lengre tur til gardane Skageflå eller Knivsflå, der husa nærmast klamrar seg til bergveggen fleire hundre meter over fjorden, kan du førestille deg korleis kvardagen må ha vore. Ørnevegen, Flydalsjuvet og Dalsnibba er andre attraksjonar i området. Har du lyst til sjå Geiranger frå ein anna vinkel, kan du leige ein kajakk og komme tettare på naturen på ein roleg padletur langs fjorden. Kanskje er du klar for eit adrenalinkick? Sus gjennom lufta på ein zipline eller få opp pulsen ved å klatre gjennom ville juv.

Fun fact: Geiranger fekk veg austover allereie i 1889. Vegen er eit arkitektonisk kunstverk og fekk gullmedalje på verdsarvutstillinga i Paris i 1900. Det skulle gå meir enn 60 år før bygda fekk vegutløysing mot sin nærmaste nabo, Eidsdal – Ørnevegen vart opna i 1955 og var lenge einaste alternativ ut og inn til bygda vinterstid. Ved store snøfall og dårleg vêr kan han vere stengt i periodar, og bygda har vore isolert. Frå 2022 går det òg ferje på Geirangerfjorden i vintermånadene, eit flott alternativ på mange måtar.

Bygdene i Fjord Cowork ligg ikkje langt frå kvarandre, og du vil enkelt kunne besøke, oppleve og opphalde deg både i Norddal, Eidsdal og Geiranger. Her får du ei unik mogelegheit til å samarbeide, samskape, inkludere og involvere deg med små lokalsamfunn og eksisterande næringar. La deg inspirere til å teste ut eit liv på landsbygda, mellom bratte fjell og djupe fjordar!

Ein god stad for å kombinere arbeid og fritid, cowork, fjernarbeid og workation!

Cookies / Personvernerklæring

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for å levere tjenester på høyeste nivå. Videre bruk av nettsiden innebærer at du godtar vår informasjonskapsel- og personvernerklæring.