Reise til og frå

Fjord Cowork ligg i bygdene Geiranger, Eidsdal og Norddal på nordvestkysten av Norge i eit forbløffande fjordlandskap om lag 90 minutt og ei ferje frå kystbyen Ålesund. I området ligg mellom anna Nasjonal Turistveg Geiranger – Trollstigen  og verdsarvområdet Geirangerfjorden


Ta fly

Frå fleire internasjonale flyplassar går det direktefly til Ålesund lufthamn Vigra (AES), i tillegg til daglege flyavgangar frå dei største byane i Noreg. Flyr du til Vigra, kan du leige bil og køyre til området (om lag 100 km via Sjøholt, Linge og ferje Linge-Eidsdal) eller du kan ta offentleg transport same rute. Vi anbefaler Entur nasjonal reiseplanleggar for å planlegge reisa med offentleg transport. Du kan også lett reise med buss mellom Ålesund lufthamn Vigra og Ålesund. Bussbillett kan du kjøpe på Vy og også på Fram reiseplanleggar eller Fram app. 

 

Ta tog og buss

Du kan kome deg til Fjord Cowork – bygdene med buss, tog eller ein kombinasjon av dei to. Vi anbefaler Entur nasjonal reiseplanleggar for offentleg transport. 

Du kan til dømes ta tog Oslo-Dombås-Åndalsnes. På Åndalsnes kan du anten leige bil eller ta buss. Frå Åndalsnes tek det litt over ein time å køyre til Linge ferjekai (59 km)når Trollstigen er open frå slutten av mai til slutten av oktober. Når Trollstigen er vinterstengd, går køyreturen via Sjøholt, 1t 40min (109 km). Oppdatert informasjon om vinterstenging ligg på nettsidene til Vegvesenet. Du kan også ta tog Oslo-Otta og leige bil eller ta buss derifrå.

Bussane følgjer om lag same veg som bilrutene skildra under. For oppdatert informasjon om buss anbefaler vi å nytte Entur nasjonal reiseplanleggar eller på Fram.no for informasjon i Møre og Romsdal fylke.

 

Ta bilen

Fleire vegar fører til Fjord Cowork. Her er nokre døme:

Ålesund – Fjord Cowork
Ålesund–Sjøholt–Linge–Eidsdal (Så evt. Norddal 5km, Geiranger 25 km): 85 km / 1,5 time/1 ferje

Oslo – Fjord Cowork
OsloLom–Grotli*–Stryn–Hellesylt–Stranda–Linge–Eidsdal* (Så evt. Norddal 5km, Geiranger 25 km): 57 km/8 timar/2 ferjer

Oslo–Dombås–Åndalsnes**–Sjøholt–Linge–Eidsdal (Så evt. Norddal 5km, Geiranger 25 km): 550 km / 7 timar/1 ferje

Bergen – Fjord Cowork
Bergen–Førde–Stryn–Hellesylt–Stranda–Linge–Eidsdal (Så evt. Norddal 5km, Geiranger 25 km): 390 km / 7 timar/2 ferjer

Molde – Fjord Cowork
Molde–Vestnes–Sjøholt–Linge–Eidsdal (Så evt. Norddal 5km, Geiranger 25 km): 85 km / 2 timar / 2 ferjer

* Når vegen Grotli-Geiranger er open, vanlegvis frå slutten av mai til slutten av oktober (sjekk hos Statens vegvesen) kan de køyre den naturskjønne strekninga frå Grotli til Geiranger, Eidsdal, Norddal direkte.

** Når Trollstigen er open, vanlegvis frå slutten av mai til slutten av oktober (sjekk om vegen er open hos Statens vegvesen)  kan de køyre Trollstigen  som tar av søraust for Åndalsnes. Vegen går via Valldal-Linge-Eidsdal, Norddal, Geiranger og er kortare og artigare.

 

Nokre reisetips – også for å kome seg rundt

Innleiingsvis

  1. Det er enklare å få buss til Linge enn til Norddal, Eidsdal og Geiranger. Frå Linge kan du ta ferje rett til Eidsdal og eventuell annan transport eller haike derifrå.
  2. Ferjene er gratis for passasjerar, medan dei som har bil må betale, anten ved å kjøpe ferjekort eller billett hos matrosen på ferja.

 

Kome til og frå Fjord Cowork med kollektiv, buss, tog

  1. Vi anbefaler Entur nasjonal reiseplanleggar for å få oversikt over kollektivtransporten
  2. Fram reiseplanleggar for Møre og Romsdal fylke. Fram har også tilbod om månadskort. Du kan også laste ned reiseplanleggaren i App Store  eller i Google play 
  3. Reiseplanleggar knytt til VY tog og buss 
  4. Næraste togstasjonar er Åndalsnes (i nord) og Otta (i aust)

 

Kjøpe billettar for buss i Møre og Romsdal fylke

  1. Fram appen er hendig når du køyrer kollektivt i Møre og Romsdal. Den inneheld både ein reiseplanleggar og moglegheit for å kjøpe billett. Få tak i den på App Store eller i Google play 
  2. Kjøp billett på Frammr.no eller på engelsk Frammr.no 
  3. «Travel like the locals» rundturar i fylket (inkluderer booking) 
  4. Rundturar frå Geiranger og Hellesylt (inkluderer booking) 
  5. I nettbutikken kan du kjøpe enkeltbillettar og periodebillettar. På engelsk 
  6. Du kan gå inn i bussen utan å kjøpe billett – det er stort sett mogleg å kjøpe billett på bussen med kontantar eller kort mot eit tillegg i pris. Der kan du også få reisekort dersom du vil kjøpe billett for lengre periodar. (Dersom du ikkje kjøper billett i det heile, kan du få bot.)
  7. Du kan også kjøpe alle typar billettar på trafikkterminalane på Moa, Kristiansund og Molde.

 

Kome seg rundt i Fjord Cowork området

  1. Gjennom Emob  kan du leige morosame elbilar heile året for lokal ferdsel 
  2. Du kan også leige sykkel og elektrisk sykkel – spør på Norsk Fjordsenter

 

Kva ein kan gjere i regionen

  1. Det er mange tips om lokale opplevingar her på Fjord Cowork nettsida 
  2. Visit Ålesund og Sunnmøre har også tips om kva ein kan gjere i regionen  

Cookies / Personvernerklæring

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for å levere tjenester på høyeste nivå. Videre bruk av nettsiden innebærer at du godtar vår informasjonskapsel- og personvernerklæring.