Fjord Cowork

Eidsdal

Eidsdal 

Eidsdal bringer deg frå kvardagen og inn i verdsarvområdet.

Eidsdal ligg ved Norddalsfjorden og er kanskje mest kjend som knutepunktet og ferjestaden mellom Linge og Geiranger. Dalføret strekkjer seg frå fjorden og opp til Eidsvatnet. Med mektige fjell på begge sider og eit velstelt kulturlandskap, har dette blitt eit ynda stoppepunkt og attraktivt fotopunkt.

Vegen gjennom dalen er ein del av den nasjonale turistvegen Geiranger-Trollstigen, og svært mykje av utmarks- og fjellområda kring dalen ligg inne i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Eidsdal er framleis ei sterk jordbruksbygd, og bidreg vesentleg til at Fjord kommune er av dei største geitekommunane i landet. Ingen andre stader på Sunnmøre finn du så høgtliggande gardsbruk i drift, og høgast ligg geitebruket på Løvoll, 550 moh. I sentrum finn du daglegvarebutikk, frisør med damekonfeksjon og ei sydame som òg har utsal av lokalmat. Bygda har òg mekanisk bilverkstad.

Fram til no har Eidsdal vore den einaste heilårsopne innfallsporten til verdsarvområdet. Bygda har kring 350 innbyggjarar, og sett i høve til innbyggartalet er kulturlivet uvanleg rikt, og ikkje sjeldan kan du oppleve at folka som bur her er reine tusenkunstnarar, både innan song, musikk og handverk. Den kjende sunnmørskunstnaren Ole T. Ytterdal hadde sitt atelier i sentrum av bygda, og på Veiberg finn du den freda husmannsplassen Severinbrauta – ein eineståande kulturhistorisk skatt. Når du er ferdig med dagens arbeid eller treng ei pause, lokkar flotte toppturar både med og utan ski, eller kanskje vert det ein fisketur i Eidsvatnet?

Eidsdal har mellom anna musikkorps, ungdomsklubb og barneforeining, skyttarlag og Røde Kors. Idrettslaget i bygda tilbyr trimaktivitetar året rundt, langrenn, skileik, fjelltrim, samt litt friidrett og volleyball. Det er felles fotballklubb med Norddal og Geiranger. Her er mykje å vere med på om du vil, men skal du trivast på bygda må du òg greie deg utan mange urbane tilbod. Det ligg ein styrke både å trivast i eige selskap og å ha evne til å ta kontakt og engasjere seg.

Fun fact: Eidsdal hadde tidlegare ei rekkje møbelfabrikkar. Her har vore produsert barnestolar, flotte salongar, gyngestolar og sofagrupper, for å nemne noko. I sentrum vart det produsert ski og  kaffikverner. På 1950-talet vart det starta opp jernarbeidarskule, kanskje den fyrste i sitt slag i landet som vart driven i privat regi.

Ein god stad for å kombinere arbeid og fritid, cowork, fjernarbeid og workation!

 

Cookies / Personvernerklæring

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for å levere tjenester på høyeste nivå. Videre bruk av nettsiden innebærer at du godtar vår informasjonskapsel- og personvernerklæring.