Dalsnibba – Geiranger Skywalk
Europas høgste fjordutsikt frå bilveg, 1500 meter rett opp
«Tenk deg at du står på ein fjelltopp, trekkjer inn frisk fjelluft og nyt utsikta over snødekte fjell, Unescos verdsarvsområde og Geirangerfjorden. Alt dette – og meir til – kan du få oppleve på Dalsnibba. Og veit du kva? Du treng ikkje gå eit einaste steg.» Slik marknadsfører Dalsnibba, Geiranger Skywalk seg. Avhengig av snøen i fjella er utsiktspunktet og kaféen open ganske tidleg om våren og seint på hausten, men er vinterstengt.
- Fjordutsikt frå 1500 meter
- Bilveg heilt fram
- Kafé
- Open vår, sommar og haust – vinterstengt