Bu i Geiranger – Garden Hole

Garden Hole

Leilegheita ligg i kår-bustaden på garden til Anne og Tor på garden Hole i Geiranger. Garden og leilegheita ligg litt oppe frå fjorden i Geiranger, langs vegen like i nærheita av utsiktspunktet Flydalsjuvet. Her har du lett tilgang til populære turar i nærområdet, som Storseterfossen, Vesterås og Løsta eller lengre turar til Grindal og Vinsåshornet. Vertskapet er godt kjent med turane og fjella i nærområdet, og hjelper deg gjerne med gode tips! Leilegheita har nydeleg utsikt og er utstyrt med alt du treng: Fullt utstyrt kjøkken, stove med TV, Internett og ny vedomn. Bad som ikkje er heilt nytt, men med dusj, vaskemaskin og tørketrommel. Totalt er det sju sengeplassar i leilegheita.

  • Fantastisk utsikt
  • I Geiranger
  • Sengeplass til sju personar
  • Gratis Wi-Fi
  • Vaskemaskin og tørketrommel
  • Ved til sals
  • Minimum ei veke opphald
 
Pris: Etter avtale
Tilgjengeleg: Oktober – 10. mai

Kontakt:

Anne Giskemo
Geirangervegen 329, 6216 Geiranger
tlf. +47 456 36 210/+47  992 35 278
post@holehytter.no
www.holehytter.no

Førespurnad

Ingen forpliktingar – vi kjem snart tilbake til deg med eit tilbod.

Antal personar
Frå dato
Til dato
Travelers' Map is loading...
If you see this after your page is loaded completely, leafletJS files are missing.

Cookies / Personvernerklæring

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for å levere tjenester på høyeste nivå. Videre bruk av nettsiden innebærer at du godtar vår informasjonskapsel- og personvernerklæring.