Fjord Cowork

Norddal

Norddal

Bygda Norddal er ein fredeleg idyll i uvanleg vakre omgjevnader. 

I 2021 fekk denne perla kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal. Her står 150 innbyggarar klare til å ønske deg velkomen til å bu og arbeide i korte eller lengre periodar. Sentrum av Norddal er innramma av ei naustrekkje og kyrkja frå 1782, og bygda hadde tidlegare ein sterk posisjon som tingstad.

I ein sidedal til Norddal ligg Herdalssætra. Her har det vært samanhengande seterdrift i meir enn 300 år. Dette er den siste setra som er i drift i verdsarvområdet, og ho er eit ynda reisemål om sommaren. Her er spor etter busetting heilt frå 1600-talet, og i området har ein funne gjenstandar som er heile 10.000 år gamle. Herdalen inngår i Vestnorsk fjordlandskap på UNESCO si verdsarvliste.

Mange av verksemdene i Norddal samarbeider i nettverket The Happy End. Dei produserer honning, øl, frukt og bær, mjølk og ost, kjøt og fleire husflidsprodukt. Særpreg og vilje til å satse på det lokale bygg opp under identiteten til bygda: ekte og nær, men òg nysgjerrig og open. Slik har òg nye aktørar etablert seg, som geologisenteret på Flaten og Fagrevollen – eit nytt initiativ som gjer at bygda har enda meir å by på.

Norddal er eit lite bygdesamfunn, men folk er flinke til å ta vare på kvarandre. Her er eit aktivt idrettslag, Melchiorgarden arrangerer stundom quizkveldar, på Tunga gardsbryggeri har dei pub, og på Petrines er det restaurant. Bygda samarbeider elles godt med nabobygda Eidsdal når det gjeld lagsarbeid og frivillig aktivitet.

Fun fact: I dag vert det dyrka mykje bringebær i bygda, men det var også her dei starta med jordbærproduksjon kring 1900. Seinare er det Valldal som har blitt jordbærbygda i kommunen. Minst like interessant er det at Rellingen i Norddal truleg er ein av dei fyrste stadane i landet der det vart dyrka poteter (1760-talet).

Ein god stad for å kombinere arbeid og fritid, cowork, nye nettverk, fjernarbeid og workation!

Cookies / Personvernerklæring

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for å levere tjenester på høyeste nivå. Videre bruk av nettsiden innebærer at du godtar vår informasjonskapsel- og personvernerklæring.