Stadar i Norddal – Tove og Roars naturgard 

Tove og Roars naturgard

I Fjøs’n finn du Tove, som elskar å «dotte», halde på med ull eller anna handverk. Den lidenskapen deler ho gjerne med andre. Ho stiller ut og sel produkt av mange andre lokale som driv med handverk – for det meste på hobbybasis. Tove inviterer gjerne til treff for å arbeide i fellesskap eller berre prate. Hennar ønske er å dele Fjøs’n med fleire som har glede av å arbeide med hendene. I tillegg driv Tove og Roar gard med økologisk dyrka mat som dei gjerne tek imot frivillig hjelp til å så, stelle, hauste eller kanskje presse eple? Velkomen!

  • Handverk av ulike slag
  • Leige av lokale for arbeid, utstilling og for å møtast
  • 60 – 70 kvm, plass til 15-20 personar om ein vil
  • Økologisk dyrking av ulike matvarer
  • På ulike tider av året, avhengig av sesong har vi tilbod om:
    • Pressing av eple til eplesaft
    • Mandala dotting
    • Såpelaging
    • Filting
    • Plukking av bringebær
    • Stell av bringebærhage

Pris: Etter avtale
Tilgjengeleg: Heile året

Kontakt:

Naturgard
Tove Løvik
Rellingsvegen 105, 6214 Norddal 
tlf. +47 465 23 838
tovlov@gmail.com
nb-no.facebook.com/naturgard/

Førespurnad

Ingen forpliktingar – vi kjem snart tilbake til deg med eit tilbod.

Antal personar
Frå dato
Til dato
Travelers' Map is loading...
If you see this after your page is loaded completely, leafletJS files are missing.

Cookies / Personvernerklæring

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for å levere tjenester på høyeste nivå. Videre bruk av nettsiden innebærer at du godtar vår informasjonskapsel- og personvernerklæring.