Turar
Det finst eit utal turar i området sommar som vinter; toppturar, dalturar, småturar, utsiktsturar…Mange av turane er merka av Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og skilta informerer deg også om vanskegrad. Meir om gradering og merking av råsene her: https://www.fjordsenter.com/opplev-verdsarven/
Hugs – fjella er bratte og rasfaren ofte stor på dei brattaste plassane sommar som vinter.
For fjellturar rår vi deg til å begynne med desse stadane som utgangspunkt for turar – sommar som vinter:
- Eidsdal: Kilstimarkene og Blåhornet i Eidsdal (https://morotur.no/tur/kilstimarkene-rundt-eidsdal) – fantastisk dal og område med mykje sol også tidlege vårmånader – altså vinter. Blåhornet er ein lett topptur med utsikt over hele fjordsystemet. Tilrettelagt parkering på Kilsti.
- Norddal: Dyrdalen og Rellingsetra i (https://morotur.no/tur/rellingsetra-i-norddal) – delvis oppkøyrde løyper, Rellingsetra som naturleg turmål, flott dal, men moglegheiter for toppturar. Tilrettelagt parkering på Hatlestad.
- Geiranger: Gråsteindalen og Møllsvatnet (https://morotur.no/tur/Moellsvatnet) Fantastisk dal med mange moglegheiter på og utanfor skiløyper, med og utan ski. God plass til parkering på Korsmyra.
- Eidsdal: Eidsheia i (https://morotur.no/tur/eidsheia) – Eit fantastisk turterreng og godt utgangspunkt for gode topp- og dalturar. Bratt oppstigning frå Eidsvatnet.
Alle desse stadane gir fantastisk utsikt, er lett tilgjengelege og gir moglegheiter for toppturar. Dei har gode parkeringsplassar og vanlegvis er det løyper delar av vegen – dersom du vil følgje desse.
For lett tilgjengelege nærturar sommar som vinter rår vi deg til å nytte:
- Geiranger sentrum – Fosseråsa (https://morotur.no/tur/fosseraasa-nasjonal-turiststi) – tilrettelagt tursti frå Geirangerfjorden opp til Storsæterfossen som du kan gå bakom.
- Norddal nedre, Gamlevegen og Kroken – (https://morotur.no/tur/Kroken-Gamlevegen-Norddal). Den gamle sæterråsa går nesten frå fjorden og opp til Rellingsætra.
- Norddal øvre, Litleåsskagen (https://morotur.no/tur/litleaasskagen-liten-rundtur2). Liten tur med god utsikt til fjord og fjell. Turen kan utvidast viss du vil.
- Eidsdal sentrum, Rongane (https://morotur.no/tur/Rongane ). Fin liten rundtur, sentrumsnært i Eidsdal. På vegen går du framom «Grytesteinen» med spor etter korleis menneske freista å lage gryter frå klebersteinane.
- Eidsdal øvre, Laupen (https://morotur.no/tur/Laupen). Turen startar ved Eidsvatnet (425 moh.) og går til utkikkspunktet Laupen (631 moh).
Om du må gå med truger er det snøforholda som avgjer.
Lekkjene fortel meir om turen, viser turen i kart og også kvar du startar turen. Morotur gir også andre turtips: https://morotur.no/ Elles finn de også informasjon på: UT.no | Forsiden , http://trakk.no/, https://www.stikkut.no/stikkut/turer .