Bu i Geiranger – Leilegheita på Vinje Gard

Leilegheita på Vinje gard

Opplev den fantastiske utsikta over Geirangerfjorden og fjella i Norge med familie eller vener. Nyt skiftande ver medan du tek ein varm kopp te, og avslutt dagen i ein koseleg dobbeltseng medan du ser på stjernene gjennom takvindauget. Du sovnar til lyden av elva som går forbi, og vaknar til synet av verdsarvfjorden Geiranger.

Denne leilegheita ligg på Vinje Gard og har den vakraste utsikt. Den har, ikkje berre ein tursti rett utanfor døra, men også en vikinggravhaug! Leilegheita med høg standard blei bygt i 2020 og har romsleg stove med open kjøkkenløysning, to soverom, stort bad og eigen balkong mot fjella rundt. Garden ligg i hjartet av Geiranger, berre ein kort spasertur frå sentrum, med fleire naturskjøne turar like ved, nær alle aktivitetar og med ein fantastisk utsikt over den storslagne Geirangerfjorden verdsarvområde. Leilegheita er ein del av eit stort hus og har eigen inngang og parkeringsmoglegheiter. Det er ikkje lenger dyr på garden, bortsett frå Ronja – vår Australske Fårehund som sørgjer for at du føler deg hjarteleg velkomen når du kjem!

  • Ein liten spasertur frå Geiranger sentrum
  • To soverom, 4 sengeplassar
  • Eigen balkong
  • Utsikt over Geirangerfjorden
  • Nært cowork fasilitetar og nettverksmoglegheiter ved Norsk Fjordsenter
  • Vaskemaskin
  • Wifi og arbeidsplass

 

Pris: Etter avtale

Kontakt:

Jon Erlend Vinje

Geirangervegen 98, 6216 Geiranger

Tlf. +47 93 03 82 20
jevinje@hotmail.com

 

Førespurnad

Ingen forpliktingar – vi kjem snart tilbake til deg med eit tilbod.

Antal personar
Frå dato
Til dato
Travelers' Map is loading...
If you see this after your page is loaded completely, leafletJS files are missing.

Cookies / Personvernerklæring

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for å levere tjenester på høyeste nivå. Videre bruk av nettsiden innebærer at du godtar vår informasjonskapsel- og personvernerklæring.