Arbeide i Geiranger – Norsk Fjordsenter – cowork og møte

Norsk Fjordsenter – cowork og møte 

Norsk Fjordsenter ligg i Geiranger og er besøkssenteret for verdsarven Vestnorsk Fjordlandskap. Senteret ligg i eit moderne, arkitektteikna bygg som huser både utstillingar, kafé, butikk – og eit spennande arbeidsfellesskap. Her er verdsarvstiftinga lokalisert saman med reiselivsbedrifter, verneområdeforvaltning og SNO (Statens Naturoppsyn) i flotte kontorfasilitetar som kan leigast for kortare eller lengre periodar. Du får tilgang til delt kontor, møterom og kjøkken/kantine og kan fordjupe deg i arbeidet ditt, samtidig som du har kort veg til flotte uteområde, kulturhistoriske bygg og ikkje minst Fossevandringa – ein sti bygd i cortenstål tett på Storfossen. Vandringa tek deg raskt ned til skulen og sentrum i bygda.

Fosseråsa, Noregs fyrste autoriserte nasjonale turiststi, passerer like forbi senteret og held fram opp skogslia til Storsæterfossen. Vil du ha ei pause i kvardagen, er det lett å stikke ut og hente ny inspirasjon eller berre kvile hovudet.

  • Gode kontorfasilitetar
  • Cowork, kontorfellesskap og nettverk
  • Delt eller eige kontor, møterom og kjøkken/kantine
  • Kort veg til sentrum, butikkar og attraksjonar

 

Pris: Etter avtale

Kontakt:
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv
Gjørvahaugen 35, 6216 Geiranger
tlf. +47 70 26 38 10
kjetil@verdsarvfjord.no
www.fjordsenter.com/booking

Førespurnad

Ingen forpliktingar – vi kjem snart tilbake til deg med eit tilbod.

Antal personar
Frå dato
Til dato
Travelers' Map is loading...
If you see this after your page is loaded completely, leafletJS files are missing.

Cookies / Personvernerklæring

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for å levere tjenester på høyeste nivå. Videre bruk av nettsiden innebærer at du godtar vår informasjonskapsel- og personvernerklæring.