Tecla – med ein sann nomadisk livsstil

Oppe i bakkane kjem ei energisk dame gåande. «Have you seen any sheep?». Sauesankinga er i gang og Tecla Ris, opphaveleg frå USA, hjelper til på fjellgarden Gjæra i Norddal. 

Garden ligg oppe i dei bratte fjellsidene og vertskapet Ingvild og Martin driv småskala sauehald. Dei har lenge husa «workawayarar» – folk som arbeider som frivillige rundt om i verda for kost og losji- og i Gjæra hjelper dei til med alt som har med garden og sau å gjere.  

Tecla elskar å arbeide med sau, her frå fôring på fjellgarden Gjæra i Norddal. 

I seks år har Tecla og mannen Bruno vore nomadar. Dei har arbeidd som frivillige rundt i land som Equador, Argentina, Chile, Nederland, Guatemala, Mexico, USA, Kirgisistan, Frankrike, Italia – og no Norge. For det meste hjelper ho til på gardar. Ho fortel om det spesielle ved å jobbe saman, middagane, møte med familiane, gode «vibbar». Mannen, på den andre sida, er pensjonert programvareingeniør som held seg til meir innesitjande prosjekt i bustadane dei leiger under opphalda. 

Tecla ved hytta dei leiger i Dale i Norddal. 

«Det starta då vi flytta frå Boston til California. Eg flytta frå tre jobbar og alle vener og var åleine. Eg hugsar den første garden der eg spurte om å arbeide som frivillig, eg hadde tatt neglelakk på og pynta meg for å sjå fin ut. Kona på garden var sjokkert…». Men sidan har Tecla fått mykje erfaring frå arbeid på gard, både med frukt, vin og dyr som sau og geit. 

“Hi, I’m Tecla Ris. I love volunteering on vineyards and farms.”

Slik presenterer Tecla seg sjølv på sin eigen nettside. «Eg har likt spesielt godt å jobbe på vingardane,» seier ho og forklarar ivrig om skjering av tre og hausting av druer.  

Etter erfaring med sau i Vesterålen og i Gjæra har dyra blitt ein ny yndling. Vi hoppar tre veker fram i tid. Ho er midt i saueklippinga på ein gard på Beitostølen og er svært entusiastisk både til folket, dyra og saueklippinga. «Eg står stort sett og sender sauene inn, men får prøve å klippe av og til på sidene.» 

Og reisa tek ikkje slutt med dette. Dei to har allereie planar fram til sommaren neste år. Først skal dei til Nederland til jul, sidan ekteparet har røter og familie der, så blir det arbeid på vingardar igjen  fram mot sommaren, før det igjen kanskje blir ein tur til Norge. 

“Heime er der eg er lykkeleg og det kan vere kvar som helst.»

«Eg er så takknemleg for at eg har vore på så mange plassar. Det gjer meg lykkeleg å vere med menneske, hjelpe til, arbeide som frivillig på garden – og kome tilbake og ta ein dusj.»

Med erfaring frå arbeid i lag med andre er Tecla bekymra for at coworkarane vert einsame dersom dei ikkje har kontakt med folk. Ho har derfor eit råd:

«Du kan skrive at dersom coworkarane har fritid, kan dei hjelpe nokon i nabolaget.» 

Meir frå Tecla sine reiser

Heimesida til Tecla: https://www.teclaris.com/

Kort film fra Finca Ogawa i Uco-dalen ved foten av Andesfjella i Mendoza-provinsen, Argentina. 
Her vart Tecla og mannen hennar invitert av eigarane av Casa Alegria for å hjelpe til med å presse druer.

Cookies / Personvernerklæring

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for å levere tjenester på høyeste nivå. Videre bruk av nettsiden innebærer at du godtar vår informasjonskapsel- og personvernerklæring.